mandag 18. april 2016

CSI Design Team


Dette hadde eg ikkje drøymt om då eg besøkte sida til CSI første gong:-) 
Men utfordringane deira likte eg frå første stund. Her var det ikkje berre viktig å laga ei flott side, men også å fortelja historiar som kan bli fine minne for dei som kikkar i albuma seinare. Målet mitt var å laga fine fotoalbum for ungane våre som dei ville kosa seg med. Og med bileta kjem historiane. Å skrive dei ned, gjer at dei lettare vil bli hugsa, og ungar flest elskar når ein fortel morosame hendingar frå dei var små:-)

No gler eg meg til nye utfordringar med det kreative og inspirerande designteamet i CSI:-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar